Eg vil i det fylgjande dryfta den språklege soga attum fugemorfemi. Nokre gonger synest eg at den synkrone lingvistikken gjerer det altfor lite (Trass i at det høyrest paradoksalt ut, meiner eg at ogso synkron lingvistikk stundom skal vera litt diakron ;) )
Eg vil segja det beint fram at eg er litt ugrann når det gjeld gamalnordisk i det fylgjande. Eg nyttar berre dei standardnorrøne (dvs. islendske) formene i utgreidingi, og dei er sjølvsagt ikkje upphavet åt dei danske eller dei norske formene — men det gjerer liten til ingen skilnad i dette tilfellet. Dessutan snakkar eg ikkje mykje um ljodlovene som vokalsvekking og svarabhaktivokal, jamvel um det kunde vore relevant, men innlegget er allereide for langt.
I dei fleste tilfelli gjeng fuge-e-en attende til den gamalnordiske substantiviske genitiv-fleirtalsendingi -a, på same måte som fuge-s-en gjeng attende til den upphavlege hankyns- og inkjekyns-genitiv-eintalsendingi -s (som seinare fekk ei større utbreiding, både som fugemorfem og sjølvsagt som moderne s-genitiv i dansk, svensk og norsk). Jamvel um eg ikkje veit um det fanst hundehus i norrøn tid, so hadde “hundahús” nok vore ei godkjend samansetning reint språkleg sét.
Når det gjeld samansetningar som “mødregruppe”, so ser “mødre” “tilfeldigvis” ut som den vanlege fleirtalsformi. Skal me til dømes sjå på nynorsken, so er fleirtalet av “mor” “mødrer”, men likevel heiter det “mødreheim” (og ikkje “*mødrerheim”!). “mødre” hev i desse samansetningane upphavlegt attende til genitiv-fleirtalsformi “mǿðra”, medan det heitte “mǿðr” i nominativ og akkusativ i standardnorrønt (denne formi “mǿðr” høyrdest sannynlegvis ikkje fleirtalsaktig nok ut for både danskarar og nordmenn, ettersom ein hev “mødre” og “mødrer” med ny ending i desse språki). Når eit slikt samanfall hender i eit språk som dansk og den gamle genitiven ikkje eksisterar lenger, vert visstnok formi “mødre-” i “mødregruppe” reanalysera som vanleg fleirtalsform, men det finst i alle fall ei historisk forklåring for denne “anomalien”.
I samansetningar som “storebror”, “storesøster” og “storetå”, der fyrsteledd er ein adjektiv, hev e-en eit anna upphav. Her gjeng e-en attende til den linne (svake) bøygjingi av adjektiv som vert nytta når nominalfrasen inneheld bunden (bestemt) artikkel.
På standardisera norrønt (dvs. gamalislendsk — men gamaldansk hadde nok eit ganske liknande system i upphavet) heitte det “góðr maðr” ‘ein god mann’, men “góði maðrinn” ‘den gode mannen’ – “góð kona” ‘ei god kvinne’, men “góða konan” ‘den gode kvinna’. Formi “gode” i desse bundne nominalfrasane gjeng attende til dei norrøne formene “góði”, “góða” og kann henda “góðu”. (I fleirtalet, der me ogso hev “gode” i moderne dansk og norsk, er det heile litt meir innfløkt)
I motsetnad til moderne dansk, svensk og norsk kunde i norrønt (og ogso moderne islendsk) den linne adjektivformi i visse tilfelle vera til stades i ein ubunden nominalfrase. Eit av desse tilfelli gjeld entitet som familiemedlemar og kroppsdelar. Desse er på ein viss måte inherent bestemde, fordi ein ofte berre eig éit av kvart (berre éi mor, éin far, éit hovud) eller det berre finst ei liti avgrensa gruppe (tvo store tær, 0-? brør, systrer, men t.d. ogso lærarar). Kann henda det som ein på engelsk kallar “alienable” og “inalienable possession” ogso spelar ei rolle her.
På den måten er “store” < "stóri/stóra/stóru" (i staden for "stor" < "stór(r)") i dei samansetningane som du nemnde ein arkaisme og eigentleg den same adjektivformi som i dei danske uttrykki "den gode kvinde", "den gode mand".
Det heile vert endå klårare um ein ser på nynorske samansetningar som "litlebror"/"veslebror"/"litlesyster"/"veslesyster", der "vesle" berre kann vera linn form, medan "litle" kann vera linn form eller fleirtalsform, men aldri sterk eintalsform (dvs. "han er liten", "den litle/vesle guten", men aldri "*han er litle/vesle"). På dansk ("lillebror"/"lillesøster") er det litt vandskelegare å sjå, av di "lille" den dag i dag er eit adjektiv for seg (i alle fall um eg skynar ordboksupplysingane rett), ved sida av "liden". Upphavleg høyrde desse tvo formene til same paradigma.
Eg synest det er interessant at du intuitivt såg på "storebror" og "hundehus" som same fenomen når det gjeld fuge-e, og at dét kann henda er ei gyldig synkron forklåring. Som tyskar som fyrst lærde seg islendsk (der systemet er meir transparent) og deretter norsk, fekk eg aldri kjensla av at dei tvo fuge-e-ane på nokon måte var relatera.
Eg vonar at den konservative nynorsken min ikkje var for vandskeleg å skyna. Um det skulde vore eit problem, berre segj ifrå og eg skal prøva å forklåra på ein litt skynelegare måte (eller berre på engelsk? haha).